Lesarane vil truleg ha lagt merke til at bloggen har vore lite aktiv den siste tida. Det er med sorg vi melder at dette skuldast personlege årsaker: R. Oma har fått slag, og deltek for tida i eit treningsopplegg som skal gi han tilbake dei sjelelege og fysiske evnene hans. Vi ønskjer han lykke til med det, og takkar for dei varme tankane de utvilsamt sender i vår retning i denne vanskelege tida.
Men alt er ikkje berre vondt og vanskeleg. Sjølv om bloggen har vore inaktiv, har vi føreteke oss andre ting. Vi har mellom anna vore på bana i samband med datalagringsdirektivet, som det går fram av det førre innlegget. For tida ønskjer vi å setje søkjelyset på ØMU og Maastricht-kriteria. Til dette har vi fått tilsegn på midlar frå Fritt Ord til ei prosjektstilling på 40 %, og i denne stillinga har vi tilsett Lise Bua, samfunnsøkonom med utdanning frå NTNU og École des Hautes Études Commerciales de Paris frå 1. mai. Vi håpar med dette å kunne kaste lys på eit emne som er så godt som fråverande i den norske debatten om EU-medlemskap. Vi andre i Lisboanemndi er glade over å sjå nye fjes på kontoret, og trur på eit godt og givande samarbeid med Bua i tida framover.
Tusen takk for alle varme tanker og private meldinger fra dere ivrige og kjære lesere og tilhengere av lisboautvalget og -bloggen, det har vert til kjempe-inspirasjon. Fysioterapeuten og logopeden sier jeg gjør store framskritt, så jeg regner med å være tilbake om ikke altfor lenge.