No som Lisboa-traktaten verkar vere vel i hamn, er det på sin plass å ta ordskiftet om kva slags EU vi ønskjer oss. Kva skal EU vere, og kva er føresetnadene for at det skal skje?
Lisboanemndi har alltid stått standhaftig på den føderale linja. Vi meiner at det er i Europas beste interesse at vi snøggast råd får danna ein europeisk føderasjon som går opp i ei større eining gjennom proaktiv samhandling. Den økonomiske integrasjonen har til no fungert ypparleg som middel for å verkeleggjere denne ambisjonen, men alt tyder på at det no er på tide med tettare politisk integrasjon. Tida for nasjonalstaten og nasjonal sjølvråderett er ugjenkalleleg forbi; kontinentalt samarbeid og samråderett er framtida. Vi kan umiddelbart identifisere fire hinder for at dette skal gå så knirkefritt som mogleg:
Nasjonalstaten
Sjølv om den politiske klassen i Europa langt på veg er på bølgjelengd med det europeiske prosjektet, og stort sett er forplikta til tettare europeisk integrasjon, er det eit stort problem at folkeviljen langt på veg er i utakt med viljen til dei styrande. Det kan late til at folket ikkje enno har innsett den grunnleggjande mangelen på konstruktivitet nasjonalstatsautismen inneber, slik vi gong på gong ser i det nasjonale befolkningar over heile Europa misbrukar folkerøystingar om viktige grunnlagsdokument og retningsval for Europa til å vise misnøye med sine eigne regjeringar. Problemet er så akutt at vi må ha umiddelbare tiltak: eit første grep vil vere å avkorte tilgjenget til å la folket seie si meining om dokument som vedkjem det europeiske samarbeidet. På sikt må målet likevel vere å elminere eller ufarleggjere nasjonalstaten – og her er europaføderasjon naturlegvis både middel og mål.

Nasjonalstatsautisme.
Statleg økonomistyring
EU er, slik vi har nemnt før, ein suksess på grunn av økonomisk samhandling – og den økonomiske samhandlinga er avhengig av at staten ikkje blandar seg inn for å fungere optimalt. Det skal ikkje mange augnekast til for å sjå det logisk-historisk meiningslause i statleg økonomistyring: For det første er han statleg (jf. førre avsnitt); for det andre er han styrt. Soga syner oss at alle tidlegare forsøk på å tygle dei heilt naturlege kreftene som gir oss varer og tenester har resultert i undertrykking, vald, svolt og folkemord. No i finansbølgjedalen er det viktigare enn nokon gong før at marknaden får regulere seg sjølv til alles beste – for EU-borgarane sin legitime rett til valfridom i varer og tenester, og for tryggleiken til heile Europa.

Utvikling gjennom innvikling.
Folkestyreillusjonen
Lisboanemndi er sjølvsagt ikkje mot demokrati som idé, men ser kor lite konstruktiv folkestyreillusjonen i Europa er per i dag. Valoppslutnaden er låg. Dei som skrik høgast, får ordet i offentlege geberdelsar, utan at nokon tenkjer på at dei aller fleste ikkje tek del i sivil ulydnad, som illegale demonstrasjonar. Dette er eit tydeleg teikn på at det finst ein tagal majoritet som befinn seg utmerkt vel med den rådande utviklinga, og det er denne vi bør ta mest omsyn til i utforminga av politikken i Europa. Her er det klart kva som skal stå på resepten – i Europaføderasjonen vil meiningsfeller naturleg finne saman og leirar bryte meiningar på ein konstruktiv og sivilisert måte, andsynes kvarandre og dei rådande.
Økohysteri
Det synest vere stor konsensus om økokrisa som faktum i ålmenta. Lisboanemndi innser seriøsiteten i problemet, men står fast på at vi ikkje må miste fokuset på kva som er mest føremålsteneleg når øko- og finansinteressene møter kvarandre. Det er viktig å stabilisere den økonomiske grunnen, så vi ikkje mister fotfeste når farten på vegen mot økostupet skal deakselererast – noko bør naturen reddast med, òg.

Det gjeld å ha is i magen.